Vi FEKK eit piano gratis. Det var grusomt stygt med masse kloremerker frå kattar... men det hadde ein fin klang og var akkurat stort nok for oss.
Heilt kvitt og med teksta "Syng for Gud, ja, syng og spel, syng og spel for vår konge! Salme 47:7" frå vinyldekor.se vart pianoet kjempefint! Pianokrakken fann eg på ein loppis!
Dette bildet er tatt rundt jul då kyrkja og julekrubba i "rosewood" frå Kenya fekk sin plass på pianoet.
Vi har malt mange andre møblar òg kvite - det er verkeleg ikkje vanskeleg og det blir så fint! Ja, det blir som heilt nye møblar! Ein del møblar var gamle som vi hadde frå før og ein del kjøpte vi billeg på blocket.se (tilsvarande finn.no).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar