Eg synest det er veldig kjekt med barneselskap og har så vidt begynt å dekorere kaker. Til eittårsdagen til dottera laga eg denne sommarfuglen:
Då ho vart to var eg høggravid (hadde termin berre 6 dagar etter bursdagen hennar), så då vart ikkje kaka så spennande:
Mannen min blei 30 år i september, så då måtte eg lage ei kake igjen. Eg hadde ikkje så kjempegod tid sidan det skulle vere ei overrasking og eg måtte lage pynten medan han var ute ein liten tur og gjestane kom... Men han som er så interessert i akvarium og som har eit stort akvarium med diskusfiskar i stova, måtte så klart få ein diskusfisk!
No blir dottera snart 3 år og sonen blir 1 år. Skal tru kva kake eg skal lage då??
Skulle verkeleg ønske eg kunne få lære meir om å pynte kaker... finns jo SÅÅÅÅ mange fine kaker ein kan lage om ein berre har litt redskap og kunnskap... Men det kostar dessverre skjorta om ein skal gå på "pynte-kake-kurs"... Så eg får prøve å lære meg sjølv. Kanskje kjem det fleire bilde av kaker på bloggen etter kvart... i alle fall om eg kan forbetre meg litt meir enn desse kakene ;-) Skal i alle fall prøve meg på ei prinsessekake med barbidukke til dottera når ho fyller 4 år!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar